Informasjon og ressursar

1.august 2017 fekk me lovendring i opplæringslova §9A Elevane sitt skolemilø.

HAA-864 - Klikk for stort bilete Kapittel 9 i opplæringslova fortel om rett til eit trygt og godt skulemiljø for elevane. Utdanningsdirektoratet har laga gode ressurssider for elevar, heimar og skule på www.udir.no/nullmobbing

 

I Jærskulen har me laga 3 skjema til hjelp for skulane i saker der ein må lage ein aktivitetsplan.  Dei  finn du under handtering, og til høgre her i margen.

I saker der elevar kjenner at skulemiljøet ikkje er trygt og godt er det særs viktig at barnet og heimen har eit godt samarbeid med skulen. Skulen har plikt til å legga til rette for medverking. Foreldre og elevar må engasjera seg aktivt i dette viktige arbeidet.

Medvirkning

Ein viktig del av det systematiske skulemiljøarbeidet, er involvering av elevane og dei ulike organa ved skulen. Desse har rett til å bli informert, involvert og høyrt. Skulen har plikt til å legga til rette for medverking. Foreldre og elevar må engasjera seg aktivt i dette viktige arbeidet.

§ 9 A-8.Elevdeltaking i arbeidet med skolemiljøet

  • Elevane skal få ta del i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet for eit trygt og godt skolemiljø.
  • Elevrådet kan oppnemne representantar til å vareta elevane sine interesser overfor skolen og styresmaktene i skolemiljøsaker. Dersom det finst eit arbeidsmiljøutval eller liknande organ ved skolen, kan elevane møte med opp til to representantar når utvalet behandlar saker som gjeld skolemiljøet. Representantane skal bli kalla inn til møta med talerett og rett til å få meininga si protokollert. Dei skal ikkje vere til stades når utvalet behandlar saker som inneheld opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt.
  • Representantane skal få den informasjonen dei treng, men ikkje opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt. I den mon det trengst, har dei rett til opplæring for å skjøtte oppgåvene og fritak frå undervisninga.

 

§ 9 A-9.Informasjonsplikt og rett til å uttale seg

 

  • Skolen skal informere elevane og foreldra om rettane i dette kapitlet. Skolane skal òg informere om aktivitetsplikta etter §§ 9 A-4 og 9 A-5 og om høvet til å melde saka til Fylkesmannen etter § 9 A-6.
  • Dersom skolen finn ut at noko ved skolemiljøet kan skade helsa til elevane, skal elevane og foreldra snarast mogleg varslast om det.
  • Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet, elevrådet og foreldra skal haldast informerte om alt som er viktig for skolemiljøet, og så tidleg som mogleg takast med i arbeidet med skolemiljøtiltak. Dei har rett til innsyn i all dokumentasjon som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skolemiljø, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som er viktige for skolemiljøet.
    Årshjul Jærskulen
    Rettleiande årshjul - førebygging av mobbing (DOC, 116 kB)  
    Fann du det du leita etter?