Eg er tilsett i skulen

Dersom du får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal du snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga. Dersom det er mogleg, skal du sjølv gripe direkte inn.

Skulen, og dei tilsette i skulen, har tydelege plikter og omfattande ansvar for å sikre alle elevar eit trygt og godt skulemiljø. Arbeidet med å førebygge mobbing krev engasjement og deltaking frå alle tilsette, elevar og foreldre.

Denne nettressursen er ein del av det systematiske arbeidet med å førebygge og handtere mobbing og krenkingar i Jærskulen. Under ”førebygging” finn du informasjon og ressursar knytt til det viktige og kontinuerlege arbeidet med å skapa ein trygg, god og inkluderande skulekultur.

Under ”handtering” finn du informasjon og ressursar knytt til korleis saker om krenkingar og mobbing skal behandlast og løysast.


1.august 2017 kom ny lovendring om aktivitetsplikt. Udir har laga god oversikt over kva ansvar skulen har når born opplever at dei ikkje har det godt på skulen. Den finn du her Mobbing og mistrivsel - hva skal skolen gjøre?

Fann du det du leita etter?