Handtering av mobbing

Her finn du informasjon og ressursar knytt til korleis saker om krenkingar og mobbing skal behandlast og løysast i Jærskulen.

iStock_000006627044Small - Klikk for stort bilete

Alle som arbeider på skulen, skal følgje med på om elevane har eit trygt og godt skolemiljø, og gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg. Opplæringslova § 9a-4.

Aktivitetsplikta til skulane er ei lovendring frå og med 1.august 2017. Det vil seie at skulane skal

 

  1. Følgje med
  2. Gripe inn
  3. Varsle
  4. Undersøke saka
  5. Lage ein plan for kva som skal gjerast
  6. Dokumentere kva som er gjort

Skulen har plikt til å undersøkja saka og til å lage ein aktivitetsplan dersom ein ser at retten til å ha  eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ikkje er tilstade for eleven.

Skulen må følgja opp tiltaka som blir sett inn for å stoppa mobbinga og sjå til at dei verkar etter intensjonen. Tiltaka skal evaluerast.  Nye tiltak skal setjast inn dersom mobbinga ikkje tar slutt.

Beredskapsteam

Jærskulen har oppretta eit eige beredskapsteam som skal kunne bidra i krevjande mobbesaker.

Mobbeknapp

På heimesida til kvar skule i Gjesdal, , Klepp og Time vil det liggja ein raud knapp, kalla mobbeknapp. Her kan elevar eller føresette melda frå om mobbing. Ved å gå til skulen sine nettsider og senda ei melding frå denne mobbeknappen, vil det gå ein e-post til rektor.

Eigne ressursar
Skjema 1: Aktivitetsplan (bm) (DOCX, 74 kB)    
Skjema 2: Evaluering (bm) (DOC, 97 kB)
Skjema 3: Oppfølgingssamtale med elev (bm) (DOC, 95 kB)
 
 
 
 
Fann du det du leita etter?