Fremme trygge og gode skulemiljø
«Skulen skal arbeida kontinuerleg og systematisk for å fremja helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (….). Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.
(Opplæringslova §9A-3)
Eit godt miljø for læring, er eit miljø der alle elevane er trygge og føler seg inkludert i fellesskapet.
For å få dette til er det viktig at skulen jobbar felles og systematisk med alle områda som er sentrale for å lukkast:
- Leiing av klassen. Struktur og rammer. Reglar og rutinar.
- Kommunikasjon og relasjon. Elev- lærar. Elev – elev.
- Skule-heim samarbeid
- Venskap og trygt miljø
- Inkluderande undervisning
Førebygging av mobbing og andre krenkingar
«Alle som arbeidar på skulen, skal følgja med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø (…..)
(Opplæringslova §9A-4)
Førebygging av mobbing er retta mot å redusera risikoen for at mobbing og anna krekande åtferd skjer.
Krenkingar og mobbing kan vera vanskeleg å oppdaga. Å ha gode rutinar for kartlegging gjennom ulike elevundersøkingar, elevsamtalar og observasjon, er ein sentral del av det førebyggande arbeidet.