Førebygging av mobbing

Alle barn og unge i Jærskulen skal føle seg trygge og ha eit godt og inkluderande skulemiljø med nulltoleranse for mobbing. Tryggleik er viktig for motivasjon, trivsel, innsats og personleg utvikling.

iStock_000006723155Small - Klikk for stort bilete Ein føresetnad for å skape eit godt miljø, er systematisk førebyggande arbeid. Førebygging av mobbing er i stor grad eit haldningsarbeid der både tilsette, foreldre, barn og unge må ta eit felles tak. Eit godt sosialt miljø er alle sitt ansvar, både elevar og tilsette i skulen. Kvar enkelt er personleg ansvarleg for handlingane sine.

Årshjul

Alle skular i Jærskulen følgjer eit årshjul/ ein plan som viser korleis skulen kontinuerleg gjennom skuleåret arbeider med å førebygge mobbing for å skapa eit trygt og godt skulemiljø for elevar og tilsette. Det er utvikla eit eksempel som skulane kan nytta som ressurs i arbeidet med eige årshjul. (DOC, 116 kB)

I arbeidet mot mobbing legg Jærskulen vekt på:

  • å bygge opp eit godt læringsmiljø
  • å ha kontinuitet i arbeidet og prioritere dette høgt
  • å følgje nøye med på det som skjer på skulen for å avdekke mobbing
  • å løyse mobbesaker raskt
  • å samarbeide godt med foreldra

Medvirkning

Ein viktig del av det systematiske skulemiljøarbeidet, er involvering av elevane og dei ulike organa ved skulen. Desse har rett til å bli informert, involvert og høyrt. Skulen har plikt til å legga til rette for medverking. Foreldre og elevar må engasjera seg aktivt i dette viktige arbeidet.

§ 9 A-8.Elevdeltaking i arbeidet med skolemiljøet

  • Elevane skal få ta del i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet for eit trygt og godt skolemiljø.
  • Elevrådet kan oppnemne representantar til å vareta elevane sine interesser overfor skolen og styresmaktene i skolemiljøsaker. Dersom det finst eit arbeidsmiljøutval eller liknande organ ved skolen, kan elevane møte med opp til to representantar når utvalet behandlar saker som gjeld skolemiljøet. Representantane skal bli kalla inn til møta med talerett og rett til å få meininga si protokollert. Dei skal ikkje vere til stades når utvalet behandlar saker som inneheld opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt.
  • Representantane skal få den informasjonen dei treng, men ikkje opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt. I den mon det trengst, har dei rett til opplæring for å skjøtte oppgåvene og fritak frå undervisninga.

 

§ 9 A-9.Informasjonsplikt og rett til å uttale seg

 

  • Skolen skal informere elevane og foreldra om rettane i dette kapitlet. Skolane skal òg informere om aktivitetsplikta etter §§ 9 A-4 og 9 A-5 og om høvet til å melde saka til Fylkesmannen etter § 9 A-6.
  • Dersom skolen finn ut at noko ved skolemiljøet kan skade helsa til elevane, skal elevane og foreldra snarast mogleg varslast om det.
  • Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet, elevrådet og foreldra skal haldast informerte om alt som er viktig for skolemiljøet, og så tidleg som mogleg takast med i arbeidet med skolemiljøtiltak. Dei har rett til innsyn i all dokumentasjon som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skolemiljø, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som er viktige for skolemiljøet.

 

Eigne ressursar:
Rettleiande årshjul - forebygging av mobbing (DOC, 116 kB)  
Fann du det du leita etter?