Eg er forelder

Alle elevar i Jærskulen har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Dersom du opplever at barnet ditt/ ungdommen din blir utsett for mobbing eller krenkingar, skal dette alltid meldast til kontaktlærarar og/ eller skuleleiinga på din skule.

188 - Klikk for stort bilete

Arbeidet med å forebygge mobbing krev engasjement og deltaking fra alle tilsette, elevar og foreldre. Vi ber deg og melde frå dersom du får kjennskap til at andre elevar blir mobba. Les meir om kva mobbing er, og kva du kan gjera, på nettstaden nullmobbing.no

Denne nettressursen er ein del av det systematiske arbeidet med å førebygge og handtere mobbing og krenkingar i Jærskulen. Under ”førebygging” finn du informasjon og ressursar knytt til det viktige og kontinuerlege arbeidet med å skapa ein trygg, god og inkluderande skulekultur.

Under ”handtering” finn du informasjon og ressursar knytt til korleis saker om krenkingar og mobbing skal behandlast og løysast.

Jærskulen har og oppretta eit eige beredskapsteam som skal kunne bidra i krevjande mobbesaker.

På heimesida til kvar skule i Gjesdal, , Klepp og Time vil det liggja ein raud knapp, kalla mobbeknapp. Her kan du som forelder melda frå om mobbing. Ved å gå til din skule og senda ei melding frå denne mobbeknappen, vil det gå ein e-post til rektor. Du kan sjølvsagt også kontakta skulen på telefon, e-post eller ved at du kontaktar ein tilsett på skulen.

Elevar og foreldre skal fyrst ta kontakt med skulen, men om dei ikkje vert høyrte på skulen kan dei ta kontakt med fylkesmannen direkte.

"Viss skulen bruker meir enn ei veke på å gjera noko med saka, kan elevar og foreldre kontakta Fylkesmannen. Det same gjeld viss eleven eller foreldra meiner at skulen ikkje tar det på alvor. Fylkesmannen skal først finna ut om skulen har gjort jobben sin. Etterpå avgjer Fylkesmannen kva skulen skal gjera for at eleven skal få ein trygg og god skulekvardag."

sitat Fylkesmannen v/ Sølvi Ona Gjul i SA 04.09.2017

Fann du det du leita etter?