Eg er elev

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø.

064 - Klikk for stort bilete

Dersom du er utsett for mobbing skal du alltid melde dette til ein vaksen på skulen. Vi ber deg også melde frå dersom du ser at andre blir mobba.

 

Les meir om kva mobbing er, og kva du kan gjera, på nettstaden nullmobbing.no

 

På heimesida til kvar skule i Gjesdal, , Klepp og Time vil det liggja ein raud knapp, kalla mobbeknapp. Her kan du som elev melda frå om mobbing. Ved å gå til din skule og senda ei melding frå denne mobbeknappen, vil det gå ein e-post direkte til skulen din. Du kan sjølvsagt også kontakta skulen din på telefon, e-post eller ved at du kontaktar ein vaksen på skulen.

 

nullmobbing.no

Fann du det du leita etter?